Haubokkane på Hestad

Av Ola Hola, etter Ivar Ivarson Stornes, Ranvik 83 år. Fortalt i Ranvika i 1930. Trykt i eventyr og segner i 1933. 

Ho Anne Blomstykkja tente på Hestad omkring 1805, og var med i fjøsen om vintrane for å hjelpe ho Mari budeie. Den tida var det mykje haubokk på Hestad, og jamt stelte dei hestane, så han Iver var mykje-godt utu di heil vinteren. Somme tider køyrte haubokkane med hestane så dei var reint sveitte og når dei sette dei på stallen att. Men dei var så glupe til å stelle dei, og hestane var så feite og blanke at det skein av dei. Han Iver var ikkje te-overs-løtinn på at haubokkane skulle vera slike rådsherrar i stallen, og så ville han prøve å gjere-åt dei. han tok seg eit gevær..av dei som hadde vore brukt i krigen.. og ladda gjorde han dugeleg. Og sia hadde han vel inni geværet eitkvart lite og, som han ikkje gjorde dei andre klok på. Ein kveld skaut han Iver utafor stalldøra berre så husa dundra. Men då vart det gale, for haubokkane hemna seg dei, kan du vete. Morgonen etter fann dei den likaste hesten daud på båsen. Haubokkane rømte vekk frå stallen , og sia vart det inga greie på hestestellet på Hestad.

Ei stund etter vart dei var noko uti garden der. Dei tvilte for at det kunne vere ein av haubokkane som hadde drukke seg full og vorte liggjande ute. Han Iver var redd han kunne fryse i hel der om natta, klårt og kaldt som det var. Han to då ei nappa-rye, breidde utover akslane sine og gjekk att-og-bak attåt haubokken og detta rya utover han. Så dette han Iver ti åt alle på garden at dei fekk ikkje komme utfor dør før om morgonen, slik at dei ikkje ufreda haubokken. Om morgonen etter var det komme ei blåsida geit på fjøsen. Og dei var snare med å kaste stål over geita, slik at dei fekk behalde henne. Sia alte dei av dette geiteslaget. Dei har av same slaget den dag i dag, og det har vore mykje til mjølkargeit.

Ho Mari budeie var tilsett til å gje haubokkane siladråpe når ho hadde mjølka om kveldane. Men ho Mari unnte berre katta ho, og ender og gong fekk dei berre det som fauk unna, haubokkane. Og derfor vart dei reint så apasame på ho Mari. -Mæ meg gjekk det reint så godt allveg. Og i både haurte og såg dei mang ein gong i fjøsa om kveldann. Dei và blid, og gjorde allder meg nåkkå, fortalte ho Anne.

Når ho Mari haddde veska vondla og hadde lagt dei frå seg, var det ofte at haubokkane reiv dei sund at for henne. Og dei la i vegen alt ilt for henne. Ein gong stupte ho ned gjennom fjøsluka og slo seg omtrent forderva. Då skratla dei der oppå lemmen med slikt eit grovt mål: "Hå-hå-hå"! Ender og gong kleiv dei oppå halmhallen over høystålet og kasta halm nedpå ho. Og då skratla dei att. Det vart reint umuleg fo ho Mari og vere der lenger, så dei måtte få tak i ei anna budeie på Hestad. Hadde ho Mari vore der lenger, hadde dei reint tynt henne.

Var mykje godt utu di:slapp for det meste, te-overs-løtinn:overbegistra, gjere åt:bli kvitt for alltid, ikkje gjere andre klok på:noko hemmeleg, nappa-rye:eit teppe med langt floss, sette ti:befala med høg stemme, att-og-bak:baklengs, siladråpe:ein nysila,varm mjølkeskvett rett frå kua, veske vondla:nappe høy frå høystålet og legge i små fanger, bunte dei saman med strå som eit kornband, allveg:alltid.

Kilde: Folkeliv og tradisjon frå Nesset, bind 2 av 2, Forfatter Ola Hola, Redigering, tillegg og komentarar av Hildur Holen Westrum.Utgitt av Romsdal Sogelag 2001. Kan kjøpast hjå alle bokhandlarar. ISBN: 82-90169-66-3