Haubokkane flyttar frå Hestad

Av Ola Hola, etter Ivar Ivarson Stornes, 83 år. ortalt i 1930. Trykt i gammalt frå Nesset 1980.

Den tida han Gammel-Iver var mann på Hestad, var det jamt fullt tå Haubokk, og i jula var han utruleg innpå-kjennann. Om julkvelden varskudde han Iver både tenestegutane og tenestetausene at dei fekk ikkje gå ut å legge seg. Då skulle allle som på garden var, ligge inni stua, for julnatta skulle haubokkane ha alle hine sengeja-romma. Men tausene var ikkje huga til å lystre ha Iver i dette, og gjekk og la seg der dei var vanen med å ligge. Det var ikkje lang stunda dei hadde lege der , før haubokkane var komne og kasta dei fram. Men tausene var tråe dei, krakte seg oppi romma og la seg att. Om ei stund kasta haubokkane dei fram andre gongen, då mykje hardare. Tausene var reint vetskremte, og kom springande inni stua med yl og skrek. men då drog han till sinns han Iver, treiv geværet sitt og sprang så av stad og skaut inn gjennom døra der tausene hadde lege. Då fòr haubokkane avstad på timen, nord-gjennom attmed Tjøynna. Det var som du skulle høyrt nokon hadde køyrt eit stort risvedlass..berre så det snert etter. Og då reiste dei at Gamskrø´n. Frå den tida reiste lykka og frå garden. Han Iver misste tre naut sommaren etter, men i Gamsgrø´n kom dei seg meir og meir attpå dette.

innpå-kjennan:nærgåande, var vanen:var vant til, trå:sta-uthaldande, dra seg til sinns:blit sint, tjøynn:stillestående vatn, berre så det snere etter:i full fart-(berre så røykskya står), attpå dette:etter dette.

Kilde: Folkeliv og tradisjon frå Nesset, bind 2 av 2, Forfatter Ola Hola, Redigering, tillegg og komentarar av Hildur Holen Westrum.Utgitt av Romsdal Sogelag 2001. Kan kjøpast hjå alle bokhandlarar. ISBN: 82-90169-66-3